Smøla klekkeri og settefisk AS fikk Miljøprisen

Vinnaren er eit lysande døme på berekraftig næringsutvikling, i følge juryen, melder Møre og Romsdal fylke i en pressemelding.
Pressemeldingen:
Tysdag 6. desember annonserte Regional- og næringsutvalet at Miljøprisen 2016 går til Smøla klekkeri og settefisk AS.
– Eg er gledeleg overraska, seier dagleg leiar Per Gunnar Kvendseth, som vil motta sjølve prisen under fylkestinget 12. desember.
I følge Runar Vestheim, leiar av regional- og næringsutvalet, er Smøla klekkeri og settefisk AS ein svært verdig vinnar.
– Bedrifta oppfyller heilt klart retningslinjene for miljøprisen, og dei representerer eit godt døme på korleis ein kan oppnå ei berekraftig næringsutvikling, seier Vestheim.
Juryen peiker på at det som særpregar anlegget er at dei har teke kontroll over vasstilførselen og resirkulerer vatnet som vert brukt. Dette er ein metode som er utvikla mykje på grunn av vassforsyninga i området, men den gjev òg fleire andre fordeler i form av kontroll med vasstemperaturen og kvaliteten. Metoden vert no nytta av stadig fleire oppdrettsanlegg i Noreg. Verksemda har teke inititativ til fleire forskingsprosjekt.
Glad laks
Miljøfokuset gjennomsyrer heile verksemda. Prisvinnaren garanterer ein laks med positivt miljøavtrykk og energioverskot.
– Vi har jobba bevisst for å produsere laks med eit positivt miljøavtrykk og eit energioverskot.
Det vil seie at den som kjøper laksen vår kan grille den og framleis ha eit energirekneskap i null, seier Kvendseth.
Kjemikaliefritt
Bedrifta Smøla klekkeri og settefisk AS er ei landbasert settefiskbedrift som driv med klekking av yngel og framfôring av settefisk. Konsernet produserer laks med kjemikaliefri handtering av lakselus med rensefisk, mekanisk fjerning og ferskvann. Dei søker også utviklingskonsesjon som skal drive energinøytral lakseproduksjon med full kontroll på lakselus.
For berekraft og biomangfald
I år er det den åttande gongen Miljøprisen vert delt ut. Vinnaren får eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Prisen går til ein kandidat som har gjort eit særleg verdfullt arbeid innan områda biomangfald, berekraftig utvikling, klima, forureining og alternativ og fornybar energi.
Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, skoleklassar, organisasjonar, institusjonar, bedrifter, kommunar eller andre som har gjort ein særleg god innsats for miljøarbeidet i fylket.
Desse har vunne før
2015: Stranda Prolog AS
2014: Naturvernforbundet
2013: Standal knuseverk AS
2012: Alv Ottar Folkestad
2011: Norsøk
2010: Olav Bye
2009: Runde miljøsenter