KSU 24/7
4 minutter lesetid

– Vi treng fleire politifolk i Møre og Romsdal


Om du vurderer eit studium som gir ein meiningsfull kvardag, eit sterkt fellesskap og gode jobbmoglegheiter, håper vi i Møre og Romsdal politidistrikt at du vil vurdere politiyrket og søke Politihøgskolen innan 1. mars.

Politiet står i dag i ein heilt anna situasjon enn for berre nokre få år sidan. Behovet for nye, motiverte politifolk har auka betydeleg, og jobbsituasjonen har endra seg drastisk.

Saken fortsetter etter annonsen

Der nyutdanna tidlegare kunne oppleve lang ventetid på jobb etter enda utdanning, er bildet no eit heilt anna. Samfunnet har behov for fleire politifolk innan ulike tenesteområde, og dette gjeld også i Møre og Romsdal.

Eit meiningsfullt studieval

Politiutdanninga er ei treårig bachelorutdanning som i fleire år har skåra svært høgt i nasjonale studentundersøkingar samanlikna med andre studium. Utdanninga held eit høgt fagleg nivå, og kombinerer teori, praksis og verdiar på ein måte som forbereder studentane godt på eit krevjande og meiningsfylt yrke. Mange studentar trekkjer fram praksisåret og det sterke samhaldet som viktige grunnar til at dei er svært nøgde med studiet.

Studiet startar med eitt år på Politihøgskolen i Bodø, Oslo eller Stavern. Det første året gir studentane eit solid fundament innan blant annet jus, politirolle, etikk, operativ trening og kommunikasjon. Her blir grunnlaget lagt for å møte menneske i ulike livssituasjonar og for å handtere komplekse samfunnsutfordringar på en profesjonell måte.

Det andre studieåret er eit praksisår, som mange opplever som både lærerikt og motiverande. I praksisåret får studentane arbeide på ordinær vakt, med etterforsking og med førebyggande arbeid. Praksisplassane er fordelt over heile landet, og i Møre og Romsdal tek vi imot studentar i Molde, Kristiansund, Ålesund, Sykkylven, Ulstein/Hareid og Volda/Ørsta. For mange studentar blir dette året avgjerande, fordi dei får brukt kunnskapen sin i møte med verkelegheita.

Det tredje og siste året går studentane tilbake til Politihøgskolen for vidare undervisning og fordjuping. Erfaringane frå praksis blir tekne med inn i studiet, og studentane fullfører bachelorgraden med eit godt grunnlag for å gå rett ut i arbeid.

Søk Politihøgskolen innan 1. mars

I dag er behovet for nyutdanna politi stort i heile landet, ogj obbmoglegheitene er betydeleg betre enn tidlegare. I Møre og Romsdal treng vi deg som ønskjer å bli verande i regionen, og som vil bidra til tryggheit og tillit i nærmiljøa våre.

Saken fortsetter etter annonsen

Har du spørsmål om utdanninga eller jobbmoglegheitene i Møre og Romsdal? Ta kontakt med Matz, Anne eller Silje, som er ansvarlege for praksisåret til politistudentane her i politidistriktet:

Matz
Kroken Åsebø Foto: Politiet

Matz Kroken Åsebø, utdanningsleiar og praksisansvarleg for politistudentane i Volda og Ørsta og Ulsteinvik: matz.kroken.asebo hos politiet.no

Anne Vike, praksisansvarleg politistudentane i Molde og Kristiansund:
anne.vike hos politiet.no

Silje Ous Foto:Politiet

Silje Ous, praksisansvarleg for politistudentane i Ålesund og Sykkylven:
Silje.Mari.Romo.Ous hos politiet.no