130.000 nye bustader innan 2030
Me har ei bustadkrise i Noreg som må løysast raskt.
Regjeringa har eit ambisiøst mål om setja i gang bygging av 130.000 bustader innan 2030. At behovet er der, er udiskutabelt. Utfordringane er klare: Unge menneske slit med å koma inn på bustadmarknaden. Det er for mange barnefamiliar som ikkje har fast bustad. Studentar har så høge leigekostnader at dei slit med å få økonomien til å gå rundt. Godt vaksne og eldre menneske kvir seg for å selja husa sine fordi leilegheita dei ynskjer seg kostar meir enn eige husvære som er nedbetalt for lengst.
Byggenæringa under press
Byggebransjen er bekymra fordi godt etablerte bedrifter slit med å få lønsemd. Solide bedrifter permitterer eller går konkurs, driftige handverkarar forlèt bransjen til fordel for anna arbeid, og transport-, material- og lønskostnader har stige i veret på grunn av krig i Europa. Pris- og lønsvekst, høg rente og bekymring for økonomien framover frå både privatpersonar, kommunar og næringsliv, har gjort at mange sit på gjerdet. Sjølv om dei har planar om å bygge nytt, bygge om eller renovere eksisterande bygningar, blir planane utsett.
Tre viktige grep i 2026
Det er kort sagt ubalanse mellom tilbod og etterspurnad. Men det finst lys i enden av denne tunnelen: Regjeringa vil legge til rette for at det kan setjast i gang bygging av 130.000 bustader innan 2030. I 2026 tek me tre viktige grep:
1. Me digitaliserer plan- og byggesaksbehandlinga.
2. Me held fram utbygginga av fleire studentbustader.
3. Me forenklar og moderniserer byggereglane for å redusere byggekostnader og gjera det mogleg å bygge raskare.
Husbanken har fått utvida mandatet sitt og har no ei endå viktigare rolle for å hjelpe kommunar i bustadsatsinga. Låneramma er nesten dobla dei siste fire åra og Husbanken får eit nasjonalt ansvar for leigemarknaden. Investeringstilskotet til heildøgns omsorg er vidareført. Aldri har det blitt bygd så mange studentbustader som i 2025, og målet er 3.000 bustader i denne Stortingsperioden.
I møte med byggenæringa og entreprenørar frå både byar og distrikt er gjennomgangstonen den same: Kommunane treng solide rammer for drifta for å investere i bygg. Difor har dei rekordhøge overføringane til kommunane vore heilt nødvendige, og for at krona ikkje skal tape verdi må renta vera låg over langs for at privatpersonar og andre tek sjansen på å handle.
Norgespris på straum for både bustader og fritidsbustader, redusert el-avgift og redusert mva-avgift på vatn og avløp har også vore viktige grep for å betre økonomien.
Kommunane si nøkkelrolle
Kommunane bør legge til rette for at dei har tilgjengelege tomter for både bustader og næringsliv. Kommunar som har godt samarbeid med bransjen har større sjanse for å lukkast i bustadsatsinga. Til dømes ved å garantere for kjøp eller vidaresal av bustader som er under bygging eller blir renoverte.
Når etterspurnaden i fritidsmarknaden er relativt låg, tener det alle partar om fleire bygge- og renoveringsprosjekt i offentlege regi startar opp. For no er det kapasitet i marknaden og prisveksten har stabilisert seg. Det er viktig å kjenne besøkelsestida når det er ledig kapasitet i byggenæringa.
Målet vårt er klart: Å setja i gang bygginga av 130.000 bustader innan 2030. Det gir tryggleik for Noreg og for alle som vil inn på bustadmarknaden.



