Nattarbeidet på Tømmervåg ferjekai blir utsett

Bilde: Tømmervåg ferjekai Foto: Ole Kristian Remkall, mrfylke.no

Arbeidet med peling (slå stålrøyr ned i sjøbotnen) for nye fenderpanel på Tømmervåg ferjekai skulle starta denne veka. Entreprenøren har dessverre ikkje fått på plass mannskap og utstyr til å gjere jobben som avtalt, melder fylkeskommunen.

Pelinga blir gjort på natta slik at ferjene kan gå etter normal rute.

Møre og Romsdal fylkeskommune har kontrakt med Implenia på bygginga av kaiene. Implenia har jobba med å gjere avtale med ny underentreprenør på peling denne veka, men mannskap og utstyr vil først kunne vere på plass i Tømmervågen siste veka i januar.