Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal innstiller på vidareføring av det gjennomgåande hurtigbåtsambandet mellom Kristiansund og Trondheim.
Dagens kontrakt på hurtigbåtsambandet går ut 31.12.23. Kontrakten er inngått i samarbeid med Trøndelag fylkeskommune, og blir administrert av kollektivselskapet ATB. Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal har vore tydelege på at det er heilt naudsynt å halde fram med ei gjennomgåande rute mellom Kristiansund og Trondheim, som gir god regularitet og færre kanselleringar.
– For å oppretthalde eit godt tilbod har vi no hatt eit godt samarbeid og ein god dialog med Trøndelag fylkeskommune både administrativt og politisk, seier samferdselsdirektør Arild Fuglseth, som no legg saka fram til politisk behandling.
I saka legg han vekt på at det er viktig å sjå på om endring i rutetilbodet kan gjere at fleire vil reise med hurtigbåten, om det er mogleg å redusere kostnadane, og om anbodet kan bidra til å innføre nye miljøløysingar for hurtigbåtar.
Felles mandat for vidare arbeid
Møre og Romsdal fylkeskommune finansierer i dag 2/3 av dagens kostnader på rutesambandet, og ein viktig føresetnad for ny avtale er at kostnadsfordeling mellom Trøndelag og Møre og Romsdal fylkeskommune blir vidareført. Dette må vere ein del av det felles mandatet som Møre og Romsdal og Trøndelag fylkeskommune må vedta for det vidare arbeidet med nytt hurtigbåtanbod frå 1. januar 2024.
Saka blir behandla i samferdselsutvalet 9. november og skal vidare til fylkesutvalet 24. november og til endeleg behandling i fylkestinget 7. desember.