Vi viser til brev datert 12. august 2020 frå alle ordførarane i Møre og Romsdal.
Sunnmøre Regionråd, Romsdal Regionråd og Nordmøre Interkommunalt Politisk Råd er tydelege på at vi har klare forventningar om at Helse Midt-Norge følger opp konklusjonane frå den reviderte modellen for ressursfordeling mellom helseføretaka som Magnussen2-utvalet har lagt fram.
Denne modellen fangar opp mange fleire omsyn enn den førre, og syner klart at Helse Møre og Romsdal er underfinansiert og ikkje får sin rettmessige del av midlane som vert fordelt gjennom Helse Midt-Norge i dag.
Signert:
Vebjørn Krogsæter Styreleiar Sunnmøre Regionråd
Torgeir Dahl Styreleiar Romsdal regionråd
Kjell Neergaard Leiar Nordmøre IPR
Jan Kåre Aurdal Dagleg leiar Sunnmøre Regionråd
Alf Reistad Dagleg leiar Romsdal regionråd
Ellen Engdahl Dagleg leiar Nordmøre IPR