KSU 24/7
3 minutter lesetid

Møreaksen historie!

Stortingsvalget har klart slått fast at Møreaksen er historie for godt, der finnes overhode ikkje fleirtal for dette sløseriprosjektet.

Møreaksen partia Høgre, Sp har kollapsa, og KrF og Venstre utgjer ingen forskjell, såleis er det no ikkje nokon grunn for meir mas om dette frå verken RR eller andre.

Saken fortsetter etter annonsen

I Møre og Romsdal burde det no ligge til rette for å prioritere og sette igang dei verkeleg viktige vegprosjekta.

E136 Eksportvegen frå Ålesund til Bjorli er pri 1, og nå må det kunne gå ann å sette full fart på planlegging og prosjektering frå Moa til Vestnes og overføre ansvaret for heile vegstrekninga til Nye veier as.

Rv. 70 på Nordmøre har mange delstrekninger som er overmodent for utbedring, likeså må Stortinget styrke ferjeavløysingsordninga slik at vi kan kome raskt igang med Todalsfjordkryssinga.

E39 Solevågseidet-Blindheim til Moa er fylkets mest trafikkerte veg, med over 22000 bilar i døgnet, og alt for mange alvorlige ulykker.

Her må Stortinget ta seg sammen, og prioritere dette svært viktige prosjektet.

Den private Borgundfjordtunellen burde for lengst fått grønt lys, dette prosjektet må løftast fram.

I Sør står Voldatunellen klar til bygging, men her må det stoppes dette tullet med aldeles meiningslaue unødvendige bompengar.

Stadt skipstunnelen er det berre å bygge, prisøkninga her er ikkje værre en i resten av samfunnet, og det er på tide vi avslutter denne unødvendige drakampen og setter i gang og bygge.

Saken fortsetter etter annonsen

Rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger er vedtatt satt igang med planlegging og prosjektering, men her driver Statens vegvesen eit «taskenspel» der uthaling, og trenering står i førersetet.

Dette har eg tatt fatt i, og samferdselsministeren blir kalla inn på «teppet» i Stortingssalen den 15/10, og må forklare kva Statens vegvesen egentlig bedriver med.

Eg har ikkje gløymt kvar eg kjem ifrå, og no er det vårt fylke sin tur ang samferdselsbygging.