Møre og Romsdal fylkeskommune sett inn to ferjer i sambandet Edøya-Sandvika frå måndag 22. juni.
Det melder fylkeskommunen i en pressemelding onsdag ettermiddag.
Etter planen skulle det gå to ferjer mellom Edøya og Sandvika frå 1. januar da det nye ferjeanbodet starta opp. På grunn av innsparingskrav vedtok fylkestinget utsetting av to ferjer til 1. mai. I mellomtida kom korona som gjorde at ferjetrafikken og billettinntektene vart halvert over natta.
Trafikken normaliserer seg
– Da både trafikken og inntektene falt bort måtte vi redusere ferjetilbodet i heile Møre og Romsdal. Det har vore stor usikkerheit knytt til utviklinga i trafikken og vi har auka tilbodet igjen etter kvart som samfunnet har kome i gang. I mai har vi sett at trafikken mellom Edøya og Sandvika har auka og er på veg tilbake til normalsituasjonen og da er det grunnlag for å sette inn den andre ferja, seier driftssjef for FRAM Jesper Wiig i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Avgangar kvar halvtime
Når ferje nr. 2 blir sett inn i sambandet blir det avgangar kvar halvtime.
– Vi er svært glade for å endeleg få på plass to ferjer i sambandet. Det blir eit løft for Smøla-samfunnet og det vil møte kapasitetsbehovet frå ferietrafikken, seier han.
Sidan ferje nr. 2 i sambandet ikkje har vore i drift tidlegare, treng Fjord1 tida fram til 22. juni til å tilsette mannskap på ferja før ho kan bli sett i drift.
Fem miljøferjer og nye kaier
I juli kjem den nye miljøferja Møringen på plass i sambandet. Det vil auke kvaliteten og reservekapasiteten i sambandet og redusere utsleppa ytterlegare. Tidlegare i år er det sett inn to nye miljøferjer i sambandet Seivika-Tømmervåg og seinare i år blir det også sett inn miljøferje på sambandet Kvanne-Rykkjem.
Møre og Romsdal fylkeskommune rustar også opp ferjekaiene på Edøya, Sandvika, Tømmervåg og Seivika.
– Totalt sett blir det gjort eit stort løft og ei vesentleg betring av ferjetilbodet på Nordmøre, seier Jesper Wiig.