Kommunane i Møre og Romsdal går no saman i ei felles digitaliseringssatsing for å betre tenestetilbodet.
Deling av gode løysingar og samarbeid om kompetanseutvikling og tenesteinnovasjon, er nokre av hovudelementa i det nye prosjektet.
Det regionale digitaliseringssamarbeidet er ein del av det prosjektet «Møre og Romsdal 2025», som er eit samarbeid mellom alle offentlege aktørar i fylket om strategisk samfunnsutvikling.
– Møre og Romsdal 2025 skal bidra til samarbeid på område der offentleg sektor ønsker å bli betre. Digitalisering er ei stor utfordring i offentleg sektor, men også ei moglegheit til å forenkle arbeidsprosessar og betre tenestetilbodet til innbyggarane i fylket. Derfor har vi utvikla denne satsinga saman, fortel Oddny Wiggen, prosjektleiar for MR2025 i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Skal dele gode løysingar på tvers av fylket
Digitaliseringssamarbeidet involverer kommunane i fylket, Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og KS. Nær 4 millionar kroner er sett av til satsinga over dei neste to åra, av dette bidreg Fylkesmannen med 3 millionar.
– Kommunane i fylket peikte ut ei arbeidsgruppe. Dei har utvikla eit godt prosjekt som vi har høge forventingar til, seier prosjektleiar Wiggen.
Samarbeid og koordinering vil gi resultat
– Vi ser at offentleg sektor i Møre og Romsdal har nytte av å samarbeide om samfunnsutfordringar som digitalisering. På sikt vil dette styrke heile Møre og Romsdal, og auke konkurransekrafta vår som region, seier fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik.
Fylkesmann Rigmor Brøste seier vi må løfte i flokk. – Kommunane i fylket er ulikt rusta, og spesielt for mindre kommunar kan det vere ei utfordring å sette av ressursar til utvikling på dette området. Her samlar vi kompetanse og ressursar i eit felles løft, seier fylkesmann Rigmor Brøste.
Arne Ingebrigtsen, rådmann i Kristiansund kommune, er leiar for den nye arbeidsgruppa.
– Individuelt blir det gjort det mykje godt digitaliseringsarbeid i Møre og Romsdal. Vi er absolutt på høgde med regionar som er mykje større enn oss. Men med meir koordinert innsats og deling av kunnskap, kan enda fleire av kommunane våre ta i bruk nye verktøy og metodar, som har effekt for innbyggarar, brukarar og næringsliv, seier Ingebrigtsen i Kristiansund kommune.
Fakta om MØRE OG ROMSDAL 2025
- Møre og Romsdal 2025 bidreg til strategiske satsingar og faglege møteplassar, der offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal, kan arbeide betre saman til beste for regionen.
- Møre og Romsdal 2025 er eit samarbeidsprosjekt drive av Fylkeskommunen i Møre og Romsdal, med deltaking frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, kommunane i fylket, og regionale statlege aktørar.
- Satsingar i prosjektet: Strategiske samarbeid: Regionalt digitaliseringssamarbeid, Utvidelse av Ungt Entreprenørskap, Levekårsnettverk, Berekraftfylket Møre og Romsdal, Nullvisjon for utanforskap. Møteplassar: Nyttårskonferansen og statsetatmøte