Smøla kan gå glipp av 48 millioner kroner fra Havbruksfondet

Fylkesordørar Tove Lise Torve Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa ei total omlegging av fordelinga til Havbruksfondet. Dette vil føre til store inntektstap for kommunar og fylkeskommunar. 

For 2020 er det gjort estimat som viser at inntektene frå sal av auka kapasitet og nye løyve vil ligge ein stad mellom 5 og 6 mrd. kroner. Etter dagens modell skal desse midlane fordelast med 80% til Havbruksfondet som vert fordelt på kommunane og fylkeskommunane, medan 20% vert halde utanfor fondet og går til Staten. Regjeringa foreslår no å kutte inntektene til kommunal sektor til 1 mrd. kroner i år og neste år, og vil i statsbudsjettet for 2021 foreslå at frå 2022 skal 25% av inntektene gå til Havbruksfondet og 75% til Staten.

– Vi er sterkt usamde i forslaget om å endre fordelingsnøkkelen. Med den nye modellen vil det meste av inntektene gå til Staten. Heile poenget med Havbruksfondet er at lokalsamfunna skal få meir igjen for jobben dei gjer med å legge til rette for oppdrettsnæringa, seier fylkesordførar Tove Lise Torve. 

Fylkesordføraren presiserer at Møre og Romsdal fylkeskommune har lagt sin del av midlane frå Havbruksfondet inn i eit fond for å støtte opp om marin næringsutvikling og marin forsking.

Store kutt for Møre og Romsdal

Inntektene frå sal av auka kapasitet og nye løyve i år er estimert til 6 mrd. kroner. Dette ville for eksempel gitt oppdrettskommunen Smøla ei utbetaling på 68 mill. Med det nye forslaget frå regjeringa vil utbetalinga derimot vere ca. 20 mill. kroner. Kristiansund kommune vil få si tilføring av midlar frå fondet redusert frå ca. 14,7 mill. kroner til 4,3 mill. kroner, og Aure får forventa utbetaling redusert frå ca. 18,6 mill. kroner til 5,5 mill. kroner. Kommunane Ålesund, Vanylven, Stranda og Vestnes vil få sine utbetalingar redusert frå mellom 9 – 10 mill. kroner til rundt 3 mill. kroner. Sjå tabell nedst i saka om konsekvensane for Møre og Romsdal i 2020.

Ny produksjonsavgift kompenserer ikkje

Regjeringa foreslår samtidig å innføre ei produksjonsavgift på 40 øre per kg laks, aure og regnbogeaure. Inntektene er estimert til 500 mill. kroner årleg. Produksjonsavgifta skal frå 2022 gå inn i Havbruksfondet, og dermed fordelast mellom oppdrettskommunar og -fylkeskommunar. 

– Den foreslåtte produksjonsavgifta vil på ingen måte kompensere for at regjeringa snur fordelinga mellom stat og oppdrettskommunar og -fylkeskommunar på hovudet, og dei samla konsekvensane er dramatiske, seier Torve.

Fylkesordføraren har i dag 15. mai sendt ein uttale om saka til finanskomiteen på Stortinget.

Om Havbruksfondet

Stortinget bestemte i 2015 at all auke i produksjon innan matfiskoppdrett av laks, aure og regnbogeaure skal skje mot vederlag. Samtidig vart det oppretta eit fond, Havbruksfondet, som hadde som mål at lokalsamfunna skal få meir igjen for jobben dei gjer for å legge til rette for oppdrettsnæringa. Det vart derfor bestemt at oppdrettskommunar inkludert -fylkeskommunar skulle tilgodesjåast med 80 prosent av inntektene frå sal av auka kapasitet og nye løyve, medan staten fekk 20 prosent. Midlane til staten vert halde utanfor fondet. Etter sal av produksjonsvekst i 2018 fekk 28 kommunar i Møre og Romsdal til saman 206 mill. kroner, og fylkeskommunen ca. 34,4 millionar kroner. 

Slik er det estimert at forslaget vil slå ut for Møre og Romsdal i 2020 (tal i mill. kroner). Utrekningar og estimat er basert på tal frå Troms og Finnmark fylkeskommune.

Kommune2020 noverande2020 revidert
Smøla68,75620,206
Aure18,6165,471
Molde17,0645,015
Aukra16,2894,787
Kristiansund14,7384,331
Averøy13,1863,875
Volda12,4113,647
Ørsta11,6353,419
Vanylven10,8593,191
Vestnes10,8593,191
Stranda10,0842,963
Ålesund9,3082,735
Giske8,5322,507
Gjemnes6,9812,051
Hustadvika6,9812,051
Rauma6,2081,824
Fjord5,4301,596
Herøy5,4301,596
Tingvoll4,6541,368
Ulstein2,3270,683