Helse Møre og Romsdal informerer:
Tirsdag 24.mars klokken 11.00 har Helse Møre og Romsdal totalt 3 innlagde pasientar smitta med koronavirus.
Ålesund sjukhus
Éin pasient som har vore innlagd for behandling av koronasmitte blei måndag 23.mars utskriven frå sjukehus. Ålesund sjukehus har dermed éin pasient med koronasmitte innlagd. Tilstanden til pasienten er god.
Éin tilsett ved Ålesund sjukehus testa positivt på kornavirus
Den tilsette som testa positivt på smitte måndag 23.mars har vore i heimekarantene sidan 8.mars. Det er derfor ikkje fare for smittespreiing verken pasientar, eller tilsette ved sjukehuset.
Molde sjukehus
Molde sjukehus har framleis to innlagde pasientar med koronasmitte. Dei får intensivbehandling og tilstanden for begge pasientane er alvorleg, men stabil.
Kristiansund sjukehus
Ingen innlagde pasientar med koronasmitte.
Volda sjukehus
Ingen innlagde pasientar med koronasmitte.