Kakefest i media?

Sunnmørsposten og dei andre større regionsavisene her i fylket i ekstase no, og har nok «kakefest» ser det ut til, når Ap angivelig heilt ubegripelig går fram i meiningsmåling her i fylket.
Ikkje berre NRK som har vore, og er eit «mikrofonstativ» for Ap, Stoltenberg og Støre, no ser vi antydning til jubel både i SMP, RB og TK her i fylket.
Det media IKKJE skriver eit tøddel om er kva Ap-regjeringa i praksis etter snart fire år i regjering har betydd for Møre og Romsdal.
Eg skal hjelpe dei litt med dette, og her er «litt» av konsekvensane for Møre og Romsdal med snart fire år med Ap og Sp i regjering: Det har vært 3,5 år i motbakke for folk flest. Det skulle ha vært ei regjering for vanlige folk, men som har gjort det motsatte. Eit par med 2 barn har fått auka utgiftene sine med kr 160.000,– i året sidan 2021. Det er langt over det som lønningane har gått opp. Kraftig auke av formuesskatten som rammar lokaleigd næringslivet brutal som sjølv om befrifta har negativt resultat må dei ta opp lån for å kunne betale – konsekvens, svært alvorlig for vårt lokaleigde næringsliv med tap av arbeidsplassar og kraftig svekkelse av bedriftene og lokalsamfunnet.
Innført grunnrenteskatt på oppdrett, som har bråstoppa utbygging av nye store slakte og produksjonsanlegg som har ført til hundrevis av tapte arbeidsplasser innan utstyrsleverandør industrien berre her i fylket. Ap og Støre har sørga for at anleggs dieselen har gått frå 8–9 kr literen i 2021, til nå mellom 16–20 kr literen, som rammar spesielt transport, bygg og anleggsbransjen, men fører til kraftig prisvekst på alt av varer og tjenester. Ap og Støre har sørga for at Mork rehabiliteringssenter vart lagt ned, til fortvilelse for oss alle her i fylket. Ap og Støre har sørga for å værne om Helseplattforma som har ført Helse Møre og Romsdal direkte ut for stupet økonomisk.
Ap og Støre har ført ein skatte og avgiftspolitikk som har ført til kraftig prisvekst, med dertil inflasjon og høg rente. Ap ved Kjølmoen var såkalla «ferjepolitisk wonderboy» og skulle sette ned ferjeprisane, fasiten har vore stikk motsatt med ferjeprisane til himmels med tre takstsoner i auke. Ferjedrifta her i fylket er underfinansiert med over 200 mill kr, Ap og Kjølmoen skulle ordne dette over natta i regjering. Fasiten vart null kr i kompensasjon og underfinansieringa har berre blitt forverra.Ap og Støre har totalt gløymt Møre og Romsdal innan samferdsel, Eksportvegane totalt ute av NTP og feira med kake for å utsatt både Voldatunellen og rv. 15 Strynefjellet. Sistnevnte der FrP og co på Stortinget måtte instruere regjeringen til retrett og sette igang rv. 15 Strynefjellet m arm til Geiranger. Ap og Støre stoppa nå utbygginga til Flakk i Sula, Ap sin næringspolitikk i praksis der hundrevis av arbeidsplassar gjekk ein glipp av og arbeidsplassar også kan gå tapt i eksisterande næringsliv i området.Kvar veke, nærmast dagleg ser ein i regionsavisene konkursar på konkursar i privat næringsliv, medan Ap slår seg på brystet over auka sysselsetting i byråkratiet.Kutt i overføringar til vegvedlikeholdet i fylket, Ap skulle auke løyvingane til fylkesvegane, fasiten vart reele kutt.Ap og Støre har pålagt nullutslippskrav for alle offentlege innkjøp av ferjer, buss og bilbruk, som påfører kommunane og fylket hundrevis av millionar kr i ekstrakostnader som ingen av dei klarer å betale.
Sjukehustjenestene her i fylket må kutte hundrevis av tilsette pga Ap regjeringa sin politikk der investering i nytt sjukehus og rehabilitering av andre skal finansierast av kutt i heilt nødvendig helsepersonell i våre sjukehus, rett og slett vanvittig og svært alvorleg.Ap og Støre har ført til skyhøge matvareprisar, det vart «vanlige folks tur» til å bli flådd økonomisk også for å kunne kjøpe seg mat.Ap og Støre presterte å legge ned eldreombudet her i fylket.Ap og Støre regjeringa har altså vore ei katastrofe for vårt fylke og næringsliv, i eit av landets viktigaste næringsfylke.
Dette er det til dømes Sunnmørsposten og resten av media burde fokusert på her i fylket.
Media med kritisk journalistikk mot dei som styrer landet er totalt fråverande, pirke i FrP og Høgre er tydeligvis viktigare.
Istaden ser det ut til at media nærmast går i ekstase for Ap og ei meiningsmåling.