Gi blod!

Sykehuset i Kristiansund. Foto: Vidar Karlsen

– Er du frisk og ikkje ramma av karantenereglane, så gir du blod som før, seier avdelingssjef for medisinsk biokjemi Brit Valaas Viddal i Helse Møre og Romsdal.

Det melder helseforetaket fredag.

Helseføretaket har fire blodbankar i fylket knytta til sjukehusa i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund. I forbindelse med utbruddet av koronasmitte er det innført adgangskontroll ved sjukehusa som inneber litt ulik tilkomst for blodgivarane.

– I Molde bruker blodgivarane eigen inngang som tidlegare. I Kristiansund og Volda går dei inn same stad som vanleg, og i Ålesund nyttar dei inngangen ved sjukehusapoteket, opplyser Viddal, som legg til at alle blodgivarar får informasjon om dette via SMS.

Viddal understrekar at blodbankane har like stort behov for blod i dagens situasjon som tidlegare, og at dei tek godt vare på blodgivarane for å unngå koronasmitte.

Dei blodgivarane som har sjukdom i form av luftveisinfeksjon, forkjølelse eller har influensasymptomer, eller som står i nær kontakt med ein person (f.eks. samme husstand, seksualpartnar) med samme symptom, får 2 vekers karantene etter at ein er frisk før ein kan gje blod.

Karantenereglane kan endre seg. Følg difor med på FHI sin nettstad

Ta kontakt med blodbanken dersom du er i tvil.