Over tusen år gammalt skip funne på Edøy i Smøla

Fra georadaren på Edøy Foto: Manuel Gabler, NIKU

Ved hjelp av georadar har arkeologar frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) avdekka spor av eit skip i Smøla kommune i Møre og Romsdal. Skipet er sannsynlegvis frå vikingtida eller eldre.

Video: Møre og Romsdal fylkeskommune og Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU)

– Dette er eit funn som har både nasjonal og internasjonal betydning, seier klima- og miljøminister, Ola Elvestuen.

– Skipet er viktig for vår felles historie. Noreg og Møre og Romsdal har eit stort ansvar i å forvalte funnet. No må vi må finne den rette måten å behandle det på, seier Elvestuen.

Oppdaginga skjedde som ein del av kartlegginga av Edøy, gjennom prosjektet Ein bit av historia, der Møre og Romsdal fylkeskommune sit i førarsetet.

– Oppdaginga er heilt unik og på linje med Tuneskipet.Dette er eit fantastisk funn som understreker kor sentral posisjon denne øya har hatt i historia, seier Arve Nytun, arkeolog i fylkeskommunen, som leia arbeidet fram til funnet.