Av: Helse Møre og Romsdal
For å styrke tilbodet til fødande i Nordmøre og Romsdal, vil føretaket slå saman fødeavdelingane i Kristiansund og Molde til ei avdeling ved sjukehuset i Molde, det er tilrådinga frå adm. dir. til styret i Helse Møre og Romsdal. Samanslåinga er i tråd med Utviklingsplanen og tilbodet som skal vere i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.
– Eg vil understreke at det er faglege og kvalitative grunnar til at vi no tilrår ei samling av fødetilbodet. Vi opplever at det er eit stort engasjement i befolkninga for fødetilbodet og vi er trygg på at vi ved å samle fødeavdelingane vil auke kvaliteten på tilbodet og styrke pasienttryggleiken. Fødande som får lengre reiseveg til sjukehus skal også sikrast ei god oppfølging og løysingar som gjer at tryggleiken blir ivaretatt, seier adm. dir. Espen Remme.
Utfordringar i drifta
Fødeavdelingane i Kristiansund og Molde har i mange år hatt ei drift prega av utfordringar med rekruttering og stabilitet i lege- og jordmorgruppa. Det har gitt slitasje på nøkkelpersonell, og har tidvis utgjort ein risiko for pasienttryggleiken og kvaliteten på tenestene. ROS-analysar gjennomført det siste halvåret har bekrefta risikobildet for det samla pasienttilbodet i Nordmøre og Romsdal.
– Ved å opprette ei samla fødeavdeling sikrar vi god og varig kontroll over den samla risikoen i fødetilbodet der det mellom anna blir lettare å behalde og rekruttere jordmødre og legespesialister i framtida, seier Remme.
Fagmiljøa ved dei to sjukehusa har i hovudsak lenge støtta ei samanslåing, men dei har hatt ulike syn på kor ei slik samlokalisering bør vere og kva tid den bør gjerast i forhold til innflyttingstidspunktet i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.
Fødetilbodet til Molde
Ei heilskapleg medisinskfagleg vurdering viser at fødetilbodet bør vere ved sjukehuset i Molde. Dette støttar seg på interne kvalitetstal, avhengighet til andre fagområde og rekruttering og stabilitet i fagmiljøet dei siste par åra. Driftsmodellen som gir lågast risiko og minst behov for avbøtande tiltak, og som i praksis er velprøvd gjennom 16 år med sommarstengingar, er modellen der ein samlar alt døgntilbod innan føde, barsel og gynekologi ved sjukehuset i Molde, medan poliklinisk og dagkirurgisk tilbod held fram som før ved begge sjukehusa, seier Henrik Erdal, klinikksjef i klinikk for kvinner, barn og ungdom.
God medverking
Erdal roser tilsette, tillitsvalde, verneombod, samt eksterne deltakarar i ROS-arbeidet som har bidrege til ein omfattande, involverande og open prosess. Sjølv om prosessen og omstillingsarbeidet er ei stor belastning for dei involverte så opplever Erdal at dei har klart å bidra på ein konstruktiv måte med både gode råd, kritiske innspel og vurderingar.
– Omlegginga får stor betyding særleg for våre tilsette ved sjukehuset i Kristiansund. I det vidare arbeidet vil det vere viktig med tett dialog med tilsette, tillitsvalde og verneombod for å finne gode løysingar og tiltak overfor tilsette og er noko som vil bli konkretisert i den samla omstillingsprosessen, seier Erdal.
Bakgrunn for ei samanslåing av fødeavdelingane
Når Sjukehuset Nordmøre og Romsdal står klart skal dei to fødeavdelingane vere ei avdeling. Ei samanslåing av fødeavdelingane er vedteke i utviklingsplanen for HMR i 2018, og prosessen skulle vere i gong i 2019. I styremøtet i januar i år la HMR fram ei sak med forslag om framskynde sjølve samanslåinga til 2019. Styret bad føretaket om å fortsetje planlegginga og adm. dir. legg derfor fram ei vedtakssak for styret til styremøte i HMR 27. mars.
Styresaken blir offentlig senere i dag, mandag 18. mars.