Noen har ingen å gå sammen med på Halloween

Mobbeombud i Møre og Romsdal Kristin Øksenvåg. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

– Foreldre må ta regien på Halloween, meiner mobbeombodet

Mange barn gler seg til å kle seg ut og gå knask eller knep saman med vennane sine. Dessverre går også mange med klump i magen fordi dei ikkje har nokon å gå med. Det meiner mobbeombod Kristin Øksenvåg foreldre må gjere noko med!

Kristin Øksenvåg, mobbeombod i Møre og Romsdal fylkeskommune, oppmodar foreldre til å vere rause og inkluderande på Halloween.

Onsdag i neste veke er det Halloween, ei feiring som har blitt ein tradisjon for veldig mange barn og unge. Mobbeombodet i Møre og Romsdal fylkeskommune, Kristin Øksenvåg, meiner vaksne skal vere på vakt.

– Vi foreldre har eit ansvar for fellesskapet våre barn er i, og vi må bidra til at alle blir inkludert.

Praktisk prøve

Både TV-aksjonen sist helg og Verdensdagen for psykisk helse har hatt fokus på det å høyre til, inkludere andre og vere raus. Halloween vil vise om vi består den praktiske prøven.

– Vi må vise at vi meiner alvor og gjer vårt beste for å få til inkludering i praksis. Det er ikkje nok å betale nokre hundrelappar i avlat på ei børse, vi må jobbe for inkludering gjennom handlingane våre, seier Øksenvåg.

Ta regien

– Kva skal vi gjere?

– Det er ikkje alltid like enkelt å omsette teori til praksis. Men eg vil oppmode alle foreldre til å prate med barna sine om kva for reglar som skal gjelde for Halloween og saman sørge for ikkje nokon fell utanfor. Vi foreldre må ta regien, sette forventingar og ikkje overlate planlegginga til barna, seier ombodet.

Er det barn som ikkje ønsker å delta, er det sjølvsagt ein grei sak og må respekterast.

Foreldresamarbeid

Øksenvåg meiner det vil vere enklare for foreldre å få til inkludering om dei samarbeider med andre foreldre.

– Det har blitt heilt vanleg å snakke om felles køyrereglar for bursdagsfeiring i barnehagen og i skolen. Det bør bli like naturleg å lage felles køyrereglar for halloween. FAU bør ta eit særskilt ansvar for dette. På mange skolar i fylket vårt arrangerer FAU felles halloweenfeiring for alle elevane. Det er eit flott tiltak, som det er viktig å støtte opp om.

Også dei store barna treng køyrereglar.

– Prat med dei. Spør om alle er med. Sei at det ikkje er greitt å halde nokon utanfor. Gjer dei bevisste, oppmodar Øksenvåg.

Neste utfordring

Etter Halloween, er det klart for julesesongen og juleball.

– Ta med køyrereglane for Halloween og bursdagar, og køyr stødig og godt forberedt mot neste utfordring; juleballa. Inkludering er like viktig då!

Køyrereglar for Halloweenn

– Foreldre må ta regie

– Lag felles køyrereglar

– Prat med barn om forventningar og inkludering

– Sett Halloween på sakslista til foreldremøtet (neste haust)

– Sjekk gjerne Unicef og Nille sitt samarbeid om feiringa, på youtube