Det går betre i norsk økonomi, men regjeringa brukar dei gode tidene feil, meiner Arbeidarpartiet om forslaget til statsbudsjett for neste år.
Finanspolitikar på Stortinget, Fredric Holen Bjørdal, meiner det er særleg fire forhold som går i feil retning.
1. For mange utanfor arbeidslivet. –Med dei gode tidene har Noreg ei unik moglegheit til å få heile folket i arbeid. Den moglegheita bruker dei ikkje. Det blir skapt for få norske arbeidsplassar, for mange fell frå, og det blir forventa over 100.000 arbeidsledige også til neste år, seier Bjørdal. Han viser til at dei som er ledige no, er dei som treng hjelpa mest. Då blir det feil å kutte i ordningane for dei som står lengst bak i køa til arbeidslivet.
2. Dårlegare tenester til folk i kvardagen. Arbeidarpartiet er opptatt av å bruke dei store pengane der folk merkar det best. På helse, omsorg og utdanning. Opplegget for kommuneøkonomien er derfor altfor stramt, meiner Fredric Holen Bjørdal: -Mange kommunestyrer rundt om i fylket vil måtte stramme inn livreima og få utfordringar med å få budsjettet til å gå opp. Vi meiner det er behov for ei betydeleg styrking av økonomien til kommunane. Slik at barnehagen skal kunne ta endå betre vare på dei minste, skulebarna skal trivast og lære, og dei eldre skal få god og trygg omsorg uavhengig av kvar i landet dei bur.
3. Aukande forskjellar. Statsbudsjettet kjem til å auke forskjellane mellom folk, og har ein fordelingsprofil der dei med mest frå før får endå meir. –På nytt er det skattekutt i milliardklassa, medan til dømes glutenallergikarar og inkontinente får kutta i støtta si, og regjeringa skal spare pengar på tannbehandling. I år igjen blir det dyrare for dei som må pendle til jobben, og småbarnsforeldre får kutt dei vil merke på lommeboka. For dei som har minst og slit mest, gir dette budsjettet ingen trøst. Dei som har mest, kan derimot fortsette å stole på denne regjeringa, seier Bjørdal.
4. Berre smular til Møre og Romsdal. –Med tanke på alle fagre lovnadar frå Høgre og FrP om satsing på Møre og Romsdal, er det oppsiktsvekkande kor lite dei faktisk får til. Stad skipstunnel er skyvd ut i det blå, det er ikkje løyvd pengar til nytt fengsel på Sunnmøre, og samferdselssatsinga er berre ein brøkdel av kva som har blitt lova. Dette saman med at det aldri har vore kravd inn meir bompengar enn under FrP, og at det no blir dyrare for pendlarar som må ta ferje og køyre gjennom bommar, gjer at det dessverre er lite å skryte av. For bedrifter som Oskar Sylte i Molde er det òg alvorleg at regjeringa vil halde på sukkeravgifta og 350-kroners grensa for netthandel, som gjer norske varer dyrare og utanlandske varer billigare.