Her er et utdrag fra Jon Aasens tale til fylkestinget i Geiranger i dag om regionreformen.
Utdrag:
I denne talen vil naturlegvis den store saka som både media og kanskje folk flest er opptekne av få sin plass. Sjølvsagt er det her snakk om regionreforma.
Den har vore på den politiske dagsorden ei god stund. Fylkestinget har gjort vedtak, eit vedtak vi visste vi måtte kome tilbake til, for vedtaket vart gjort under visse føresetnader.
Fylkestinget i Møre og Romsdal er tydelege på at vi ynskjer at vårt fylke kan vere ein av dei framtidige regionane utan å slå seg saman med andre fylke. Vedtaket er gjort med den føresetnad at vi sakleg sett kan makte å ta på oss dei nye oppgåvene. No er oppgåvemeldinga klar. Både administrasjonen og eg meiner at vi med god margin greier å ta på oss dei utvida oppgåvene. Dei utvida oppgåvene vil styrke oss som regional utviklar og som leverandør innanfor landbruk, miljø, eit utvida ansvar innanfor samferdsel, medspelar på integreringssida og fordeling av skjønnsmidlar. Alt dette vil gjere oss til ein meir komplett organisasjon til beste for innbyggarane i Møre og Romsdal.
Invitasjon til naboprat er sendt ut og med framlegg på datoar på denne sida av sommarferien. Så får vi halde nabopratane, men det er ikkje slik som eg las i ei avis at nabopratane kan ein ikkje vente seg noko av ettersom det er tre sunnmøringar som ikkje vil samarbeid som står for forhandlingane. Forhandlingane skal styrast gjennom fylkesutvalet og der er alle fogderi representerte og nordfylket er representert med fem og ofte seks representantar.
Vi vert frå tid til anna kritiserte fordi vi er seint ute med nabopraten. Vår haldning til det, er vedtaket i fylkestinget på eit samla Møre og Romsdal. Vi ville vente og sjå kva oppgåver vi fekk før forhandlingane tok til. Eg hadde trudd at det vil vere fornuftig å vite oppgåven før ein forhandlar. I denne samanheng vert det vist til vedtak om samling av trønderfylka. Den samlinga har ingen ting eller vertfall svært lite med regjeringa si oppmoding om naboprat å gjere. Samling av trønderfylka har halde på i over ti år. Prosessen var allereide i gang fyrste gongen eg var fylkesordførar i 2004. Då var det også ei regionreform på gang. Den forandra ikkje norgeskartet, men også den gongen vart vi kritiserte frå ulikt hald fordi vi såg på fylket vårt som stort nok med dei oppgåvene vi då hadde. Det viste seg også at vi var ikkje åleine om å meine det. Det vart litt mange regionhovudstadskandidatar den gongen. Realiteten vart inga forandring. Denne gongen vert det nok forandring, men eg er rimeleg sikker på at talet på regionar vert større enn ti. Også denne gongen vil taktiske omsyn til kven som misser eller kven som beheld fylkeshusa vere avgjerande. Dette ser vi tydeleg i kommunereforma.
Eit godt og for oss ufarleg døme å vise til ettersom det ikkje er i vårt fylke er forhandlingane mellom Ørlandet og Bjugn kommunar.
I 2014 sa Ørland kommune ja til samanslåing og Bjugn kommune sa nei.
Ordføraren i Bjugn stod fram i Dagsrevyen og fortalde kvifor dei ikkje ville slå seg saman med Ørlandet; det er så dårleg ver der. I avtalen var det framforhandla at Ørlandet som har det største kommunesenteret Brekstad, skulle vere administrasjonssenter i den nye Fosen kommune.
Så vart det nye forhandlingar i 2016 og Bjugn med sitt kommunesenter Botngård, skulle bli kommunesenter. Då forandra innbyggarane i Bjugn kommun syn og sa ja, medan innbyggarane i Ørlandet kommune no sa nei.
Rådhusa er vanskelege å forhandle vekk. Det er viktige arbeidsplassar og i ein utkantkommune endå viktigare. Det er ein realitet som folk er opptekne av.
Litt av det same, men i mindre omfang vil det vere med regionreforme. Eg trur ikkje det vil vere lett for Kristiansand, Stavanger og Bergen med sine omland å komme til einigheit om kven av desse byane som får vere regionhovudstadar. Då er det lettare for Sogn og Fjordane. Dei innser at dei har for lite folketal til å vere ein sjølvstendig region. At dei vil ha med Møre og Romsdal sørover er forståeleg. Då vert dei på vippen i staden for å vere utkant i ein ny region sørover. Eg seier sørover, for Sogn og Fjordane er i stor grad knytt opp mot Bergen, ikkje mot Møre og Romsdal.
Innbyggarundersøkinga som NRK, Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke gjennomførde, viser gjennomgåande at Møre og Romsdal står sterkt. Ikkje uventa sterkast i midtfylket.
Skal vi framstå som eit truverdig regionalternativ, må vi oppfylle dei nasjonale krava til ein region. Vi må makte på ein truverdig måte dei oppgåvene vi vert pålagde, og vi må vere ein naturleg bu- og arbeidsmarknadsregion. Og det er vi. All statistikk viser at det er liten utpendling frå fylket. Fjordar og fjell gjer at vi har fleire arbeidsmarknadsregionar, men alle er interne i fylket. Med andre ord, etter mitt syn oppfyller vi dei krav som vert stilt til ein framtidig region. Vår plass i den statlege organiseringa og forvaltninga gjer også at vi gjerne kan halde fram med å stå åleine.
Dersom oppgåvene hadde vore mykje større og vi ikkje kunne halde fram som eigen region, er eg heilt samd med fylkesplansjefen sitt utspel i Tidens Krav. Då ville vi bli mest realistisk bli delt i Romsdalsfjorden. Eg trudde ei stund at ettersom NTNU hadde etablert seg i Ålesund ville heile fylket gå nordover. Debatten tyder ikkje på det og eg tek konsekvensen av det. Det er uansett berre av akademisk interesse. Vi blir ståande som eige fylke eller region.
Dette får vere nok regionreform for denne gongen.
Les hele talen her.