KSU 24/7
3 minutter lesetid

Betaler du med kontanter eller kredittkort må du betale 10 kroner mer for billetter kjøpt om bord på buss og hurtigbåtar frå nyttår

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

FRAM ønsker at passasjerar på buss og hurtigbåt kjøper enkeltbillettar på førehand. Derfor får enkeltbillettar som blir betalt om bord med kontantar eller bankkort eit tillegg i prisen frå 1. januar 2021.

Tillegget er på 10 kroner for vaksne og studentar og 5 kroner for barn, honnør og militære.

Saken fortsetter etter annonsen

Raskare busstur

– Reisetida er viktig for om folk vel å ta buss eller ikkje. Mindre sal om bord gir raskare billettering og ein raskare busstur. Da blir bussane meir konkurransedyktige samanlikna med privatbilen og det kan få fleire til å reise kollektivt, seier Stig Helle-Tautra, som er avdelingsleiar i FRAM.

Sikrare for sjåførane

Sjåførane har lenge ønska seg mindre kontantar om bord av omsyn til tryggleiken.

– Billettløysingane vi har for kjøp på førehand skal være moglege for alle å bruke. Dei som ikkje er datakyndige kan til dømes ringe kundesenteret vårt for å få reisekort sendt i posten og kan fylle på det hos sjåføren eller på trafikkterminalane, forklarar Stig Helle-Tautra.

Slik får du lågaste pris på billetten:

  • Kjøp billett i FRAMappen eller bruk eit reisekort med periodebillett eller reisepengar
  • Om du berre reiser av og til er reisekort (verdikort) eller betaling med SMS eit godt alternativ.

Slik kan du skaffe deg reisekort (kortet er gratis):

  • Bestill på frammr.no
  • Besøk trafikkterminalane i Kristiansund, Molde eller på Moa.
  • Få reisekort hos bussjåføren eller personalet på hurtigbåten.
  • Kontakt FRAM kundesenter og få reisekortet sendt i posten.

Når du først har eit reisekort, kan du fylle på med nye periodebillettar eller reisepengar på bussen eller hurtigbåten. Du kan og fylle på kortet i nettbutikken på frammr.no eller ein av trafikkterminalane.

Takstreglane frå 1. januar og informasjon om ulike typar billettar.