KSU 24/7
2 minutter lesetid

Innlagd pasient ved Kristiansund sjukehus har testa positivt på koronasmitte

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Pasienten blei lagt inn ved sjukehuset onsdag 25.mars med mistanke om koronasmitte og smitteverntiltak blei følgt heilt frå innleggingstidspunktet.

Saken fortsetter etter annonsen

Det melder Helse Møre og Romsdal onsdag ettermiddag.

Pasienten ligg i eit skjerma område på sjukehuset (kohortisolering) og tilstanden til pasienten er etter forholda god, seier klinikksjef Åge Austheim ved Kristiansund sjukehus

Verken tilsette, eller andre pasientar ved Kristiansund sjukehus har vore eksponert for smitte frå den koronasmitta pasienten

Pasienten kom nyleg heim frå Spania og har vore i heimekarantene sida heimkomst.

Kristiansund kommune har gjennomført smittesporing som viser at dei har full kontroll på smittesituasjonen.

Status koronapasientar innlagd i HMR:
Ålesund sjukehus – ein pasient utskrevet – ingen
Molde sjukehus – framleis to pasientar
Kristiansund sjukehus – ein ny pasient
Volda sjukehus – ingen