Trafikktryggingsprisen 2018 er tildelt FAU ved Bjerkelund skole

Det melder Fylkestrafikktryggingsutvalget i Møre og Romsdal i en pressemelding onsdag.
Prisen blir delt ut 15. oktober under fylkestinget i Geiranger.
Skolens arbeidsutvalg får prisen blant annet fordi de har lagt ned et spesielt stort arbeid for å forbedre trafikksikkerheten for skolens elever. FAU (Foreldrerådets arbeidsutvalg) har vært en sterkt engasjert pådriver inn mot både kommunale og fylkeskommunale myndigheter.
Pressemeldingen:
Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) i Møre og Romsdal har vedtatt at Trafikktryggingsprisen 2018 går til Foreldrerådets arbeidsutval (FAU) ved Bjerkelund skole i Kristiansund kommune.
FAU ved Bjerkelund skole har dei seinare åra lagt ned eit spesielt stort arbeid for å betre trafikksikkerheita for elevane ved skolen. FAU sin trafikktryggingskomité over ein lang periode vore sterkt engasjert og ein pådrivar mot kommunale og fylkeskommunale myndigheiter for å utbetre trafikkforholda rundt skolen.
Ein pådrivar for trafikktrygging
Tradisjonelle trafikktryggingstiltak som organisering av skolepatruljar, oppsett og gjennomføring av nye køyremønster ved skolen, parkeringsoppsett og reflekskampanjar er nokre eksempel.
I tillegg har det dei siste åra vorte gjennomført fleire store fysiske trafikksikkerheitstiltak ved skolen, der FAU har vore ein svært viktig og avgjerande pådrivar.
Det er blitt montert opp gjerde rundt heile skoleområdet. Dette for å avgrense elevane frå den stadig aukande bil og busstrafikken ved Bjerkelund.
Montering av fleire lyspunkt for å betre lysforholda ved skolen.
Haldeplassar på begge sider av hovudvegen er utbedra, nye gangstiar og nytt gangfelt med lys som gir elevane ein trygg framkomst til skolen.
Stort engasjement
Det har vore lagt ned mange timar med dugnad til planlegging og møte med kommune, fylkeskommune og Statens Vegvesen for å få gjennomført alle tiltaka. Dei mindre prosjekta har vorte finansiert gjennom dugnadsinnsats organisert av FAU. Dei store prosjekta med haldeplassar, gang og sykkelveg, samt gangfeltsikring med lys er finansiert gjennom midlar frå fylkeskommunen og kommunen.
– Dei har sett søkelyset på den svært utfordrande og utrygge trafikksituasjonen rundt skolen, og engasjementet deira har vore avgjerande for at dei fysiske tiltaka no er på plass , seier FTU-leiar Iver Nordseth. –Som vi ser er FAU ved Bjerkelund skole personar som utvilsamt har vist og fortsatt viser eit ts- engasjement langt utover det ein normalt kan forvente; spesielt når det gjeld å ta vare barn i trafikken, avsluttar Nordseth.
Trafikktryggingsprisen blir delt ut 15. oktober under fylkestinget i Geiranger.